Vald i nære relasjonar er no eit stridsspørsmål mellom liberale og konservative krefter, og viser at sjølv autoritære styresmakter må ta omsyn til folkemeininga, skriv Kilden.no i ei pressemelding.
– Dersom det er ein lærdom ein kan trekke ut av dette problemkomplekset, så må det vere at resultata kan brukast til å stille nasjonalkonservative høgrepopulistar til veggs, seier Jørn Holm-Hansen.
– For det viser seg at ein har ganske gode kort på handa når ein tek tak i folks kvardagsproblem: Høgrepopulistane sitt snakk om at vern av offera for vald i nære relasjonar trugar den harmoniske familieeininga, resonnerer ikkje med folks kvardagserfaringar.
Holm-Hansen er statsvitar og forskar på By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet, og har Russland og Aust-Europa som spesialområde. I nyaste utgåve av Tidsskrift for kjønnsforskning , har han ein artikkel om korleis vald i nære relasjonar blir omtala i politisk debatt i Russland og Polen.
Sårbare populistar
Både Russland og Polen har vore igjennom det som kan kallast ei «illiberal vending» det siste tiåret, som særleg kjem til uttrykk i ei avvising av såkalla vestlege verdiar. I begge land er familiens rettar eit viktig element i den nasjonalkonservative forteljinga. Det har medført at individuelle rettar, for kvinner, barn og seksuelle minoritetar, er blitt utfordra. Begge land har nyleg gjennomført endringar i lovverket som gjeld vald i nære relasjonar, og det har aktualisert debatten.
Holm-Hansen har lenge forska på barns rettar i desse landa. Då han i arbeidet med artikkelen til Tidsskrift for kjønnsforskning tok for seg argument som galdt vald i nære relasjonar, fann han raskt at debatten følgde same spor som debattar om barns rettar, om abort, og om seksuelle minoritetar.
– Same type argument og retorikk blir brukte i alle tilfella, og det var fruktbart å bruke same teoretiske innfallsvinkel, seier han.
Han peikar på at både Russland og Polen er prega av høgrepopulisme, spesifikt ein nasjonalkonservativ høgrepopulisme som kjem tydeleg til uttrykk når det gjeld tema som til dømes vald i nære relasjonar. Samtidig er dette eit tema som kan gjere nasjonalkonservative sårbare, fordi dei ikkje er på line med folket.
Trigger-ordet «gender»
I artikkelen i Tidsskrift for kjønnsforsking viser Holm-Hansen korleis «gender» er blitt ein språkleg markør som dei høgreorienterte dreg fram for å signalisere alt som gjev assosiasjonar til noko framandt, vestleg, liberalt, elitistisk og trugande. Når ein dei siste åra har sett store konflikter knytt til det norske barnevernet, i både Polen og andre land, så er det dette landskapet som dannar bakgrunnen.
– Så er det gjerne i samband med lovendringar at debatten blir tilspissa. Det som er nytt no samanlikna med tidlegare, er at «antigender»-språkbruken er kraftig styrkt, særleg i kjølvatnet av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 2005. Dei reaksjonære kreftene har organisert seg internasjonalt og lukkast i å skape ein motreaksjon mot «gender-ideologien».