

-Hjelp! Eg er heterofil; kven har skulda?

Ellinor Larsdotter Svisdal
Utfordringar i sexlivet eller med seksualiteten generelt, er sjølsagt ikkje berre eit byfenomen. Ellinor Larsdotter Svisdal har arbeidd ein kvinnealder som helsesjukepleiar og sidan 2005 også som NACS – autorisert sexolog i ein middels stor kommune midt i Noreg. No deler ho tankane sine om seksualiteten sine kår, det vera seg urbant eller meir landleg.
«Hjelp ! Eg er heterofil; kven har skulda?»
Ja, dette var temaet på eit seminar eg deltok på i sexologforeninga (NFKS) for ei god tid attende.
For at vi skal forstå verda, likar vi menneska å systematisere verkelegheita ved å plassere ting i boksar og båsar.
Dette gjer vi også mellom anna når det gjeld seksuell legning og identitet. Vi sorterar folk i homofile-, lesbiske- og bifile båsar.
Ulempa med slike båsar er, at det fort blir veldig begrensande, da vi veit at grensene mellom dei ulike filiane ofte er flytande, og for nokon flyt det fram og attende gjennom heile livet.
Som helsesjukepleiar her eg gjennom mange år samtala med ungdom, både gutar og jenter, som har vore usikre på sin eigen seksualitet.
Nokon har kanskje vore sikre på eigen seksualitet, men usikre på korleis oppgjevingane ville reagere om dei stod fram og sa at dei er homofile eller lesbiske.
Ein gut sa til meg: « Eg blir forelska i mennesker, ikkje kjøn».
Eg trur at ungdommane i dag er flinkare til å skilje mellom lyst, sex og følelsar og vil ikkje bli plassert i båsar.
Teksten fortsetter under annonsen.
Dei kan kanskje lettare ha sex med nokon av sitt eige kjøn og likevel kjenne at dei eigentleg blir forelska i mennesker med det motsatte kjønet.
Og nokon, som denne guten, ikkje bryr seg med kjøn, men ser berre mennesket.
Eg tykkjer det er ein vakker tanke. Det handlar om kven du blir forelska i, meir enn kven du gjer seksuelle handlingar med. Eg tykkjer det er rart kor fokusert vi blir på dei seksuelle handlingane dei gjer i senga når det kjem til homofile par, framfor å sjå det kjendslemessige og kjærleiken.
Kva tyder så desse orda?
Homofil kjem av det greske ordet «homos», som tyder «det same», «lik som» og filos , som betyr «å like/å elska/ha kjær»
Heterofil kjem også av gresk , «heteros» og «filos» og tyder da «å elske det som er ulikt/forskjellig»
Lesbisk blir bruka om jenter/kvinner som blir forelska i jenter/kvinner. Ordet kjem frå den greske øya Lesbos der Sapfo skreiv vakre dikt om forhold mellom kvinner.
Bifil kan oversettast med «å elska på to måtar». Woody Allen omtala det som å ha dobbel sjanse på laurdagskvelden.
Dobbel moro kan lett bli doble utfordringar også. Det å vera bifil blir meir og meir akseptert sjøl om vi veit at mange , både homofile og heterofile, tenkjer at bifile berre «ikkje har bestemt seg enda».
Forskning og erfaring syner meir og meir at dette slett ikkje er tilfelle; at bifile oppheld seg ein plass mellom det å vera homo eller hetero; at det er ein del av det seksuelle mangfaldet og herlegdomen vår.
Mange unge tykker nok det er lettare å sei til dei næraste at dei er bifile enn homofile på vegen til å finne ut av seg sjøl. Ein sa: «Eg er ikkje skeiv, trur eg, men skakk i alle fall.»
I møte med ein del ungdommar var eit av budskapa at dei meinte foreldregenerasjonen veit for lite om homofili.
Om dei tenkte på kunnskap eller at temaet er for lite og sjeldan på agendaen, er eg litt usikker på, men det dei sa, gjer at temaet må opp her.
Statistisk sett vil det til ei kvar tid vera 3 til 5 prosent av folket som er enten homofile, lesbiske eller bifile . Dette er noko som ikkje skal bekjempast, men aksepterast og det har lite for seg å spekulere i årsaker, tillært, medfødt, genetisk, eller andre varianter, som det har vore spekulert i gjennom tidene , til kva som gjer at ein er som ein er.
Tittelen på denne teksta er nok utenkjeleg , men kunne vore reell viss vi byter ut heterofil med homofil.
Vi ser vera gjennom heterofile briller og tenkjer at det er «normalen» eller fasiten . Historisk sett har det å vera homofil vore både diagnostisert sjukt og stempla som kriminelt. Heilt fram til 1972 var det straffbart å vera homofil mann i Noreg. Kvinnene og lesbisk kjærleik sa lova ikkje noko om, og det er fordi kvinneseksualiteten var usynleg/ikkje-eksisterande.
Eg opplever, som før sagt, at dei unge i dag ikkje vil plasserast desse båsane eller seksuelle kategoriene. Dei vil ikkje definere seg som det eine eller andre, men surfe litt mellom i periodar.
Vi veit frå undersøkingar at blant annan psykiske problem og rusmisbruk er eit større problem blant homofile enn resten av folket. Dette tenkjer eg har klare samanhengar med korleis vi som venner , familie, omgangskrets og samfunn aksepterer eller ikkje aksepterer at nokon rettar kjærleiken sin mot sitt eige kjøn.
Eg har eit inderleg ønskje om at det «å kome ut av skåpet» for ei ung jente eller gut også i distrikts-Noreg skal vera så trygt at dei kan oppleva at dei har ei god seksuell helse.