

Får vi betre sex ved å flytte den ut i den offentlege sfære?

Ellinor Larsdotter Svisdal
Utfordringar i sexlivet eller med seksualiteten generelt, er sjølsagt ikkje berre eit byfenomen. Ellinor Larsdotter Svisdal har arbeidd ein kvinnealder som helsesjukepleiar og sidan 2005 også som NACS – autorisert sexolog i ein middels stor kommune midt i Noreg. No deler ho tankane sine om seksualiteten sine kår, det vera seg urbant eller meir landleg.
Det kan sjå ut til at seksualiteten har flytta seg frå det private rommet og fram i lyset og den offentlege sfæren. Men spørsmålet er om vi har fått eit betre sexliv av den grunnen?
Seksuelle motiv er mangfaldige og kjem også til uttrykk i mange ulike former. Psykoanalytikarar og biologar har no gjeve opp å forklare den menneskelege seksualiteten som eit dyrisk instinkt, men heller no til å kalle det ei drift.
Dette er ei livskraft som kvar og ein av oss avgjer sjøl kva det betyr for oss. Dette heng nøye saman med dei erfaringane vi har med seksualiteten vår og dei idealene eller tankegodset vi har arva.
WHO har denne definisjonen på seksualitet: «Seksualitet er en integrert del av ethvert menneskes personlighet. Et basalt behov og et aspekt av det å være menneske, som ikke kan atskilles fra andre aspekter i livet. Seksualitet er ikke synonymt med samleie.»
Sex handlar ikkje om vi har orgasme eller ikkje ; det kan vera ein del av seksualiteten vår, men treng ikkje vera det.
Seksualitet er så mykje meir. Det er det som driv oss etter å søkje kjærleik, varme og intimitet. Vi uttrykkjer den på måten vi føler, rører oss, rører ved andre og blir rørt på av andre.
Teksten fortsetter under annonsen.
Her handlar det like mykje om å vera sensuell som seksuell. Seksualiteten verkar inn på tankane og kjenslene våre, samt det vi gjer og samhandlar med andre og med det heile den fysiske og mentale helsa vår.
Sidan WHO meinar at helse er ein fundamental rett vi har som mennesker, er også seksuell helse ein menneskerett.
I viktoriatida hadde ei kvinne skuldkjendsle viss ho gjekk til sengs med ein mann. I dag kan det hende at ho kjenner seg skuldig dersom ho ikkje har samleiesex etter eit viss antal stevnemøter.
I den same viktoriatida var idealet å ha kjærleik utan at den skulle «besudlast» med sex, medan i dag kan det sjå ut til at målet er å ha sex utan å bli «belemra» med kjærleik.
Den gamle puritanar fortrengte det seksuelle og var lidenskapeleg medan den nye puritanar fortrenger lidenskapen og er seksuell. Når vi ser attende på historia, voks førestillinga om den romantiske kjærleiken fram frå 1700- talet, medan kimen til det synet på seksualiteten vi har i dag, finn vi i den borgarlege seksualiteten på 1800- talet.
Synet på seksualiteten, i sær den kvinnelege, var at den skulle tøylast og undertrykkjast.
Kvinnene skulle istaden for å dyrke primitive seksuelle lyster, gje seg hen til åndelege og kulturelle interesser. Brodering og anna fint handarbeid måtte dei gjerne sysle med.
Den seksuelle revolusjonen, som har skjedd, har ført til ein enorm seksuell fridom. Motiva for seksualitet har med det endra seg opp gjennom tida. Frå ønskje om å få barn til meir merksemd på lyst og glede samt at sex i dag er eit viktigare lim i parforhaldet enn tidlegare.
Paradoksalt ser vi samstundes at vaksne partnarar har mindre sex enn før . Folk jobbar meir og ser ut til å ha mykje meir prestasjonsangst. Sex er meir provoserande og utleverande enn før, jamfør mellom anna TV- program som til dømes «Big Brother» og «Paradis Hotel». Resultatet tykkjest å vera at vi har fått ei utvikling der vi har mindre sex i den private sfære og meir i den offentlege sfære.
Spørsmålet er berre om ; har vi fått eit betre sexliv av den grunnen?