«Slik skal det ikkje vere,» uttaler leiar for Norsk foreining for klinisk sexologi (NFKS) Tore Holte Follestad til Seksualitet24, når han kommenterer korleis sexologar blir utsette for seksuell sjikane og truslar.
Han er likevel kritisk til at ein går ut i media med problema ein har med klientane sine, og meiner slike utfordringar skal takast opp fagleg.
NRKS-leiaren skriv i en kommentar på Facebook at «fagfolk skal kjenne seg trygge når ein tek nokon i behandling. Og det å ta nokon i behandling krev at ein har kompetanse, tryggleik og ikkje minst vegleiing med seg.
Det kan opplevast skummelt eller vanskeleg når vonde og ubehagelege ting skjer i terapi- eller behandlingsrommet, men ein må ikkje gløyme kven som er den svake i ein behandlingssituasjon.
Dette er eit godt eksempel på kvifor vi treng ei statleg autorisasjonsordning for personar som vil tilby hjelp med sexologiske problemstillingar.»
Til Seksualitet24 forklarer Follestad kva han meiner.
-Bør tenkje seg nøye om
«Ein bør tenkje seg nøye om på kva måte ein vil profilere seg på i media når ein driv eller ønskjer å drive på med rådgjeving. Måten ein profilerer seg på er med å gje folk eit inntrykk av kva som er grensene for det private og det profesjonelle.
Det er ikkje berre å få blest kring sin eigen person, det gjer også at nokon fokuserer på personen og ikkje fagpersonen. Det er sjølvsagt trist og leit at slike overtramp skjer, og da er det samstundes viktig at den som kallar seg sexolog har kunnskap og reiskap til å takle slike situasjonar utan at ein treng å gå til media med det,» seier Follestad.
NFKS-leiaren meiner det er klare skilnader mellom ein profilert influensar som sel seg sjølv som sexolog, og ein fagperson som har helsefagleg bakgrunn, etterutdanning innan sexologi og har vore gjennom fagleg vegleiing før ein tek imot klientar.
Mange som treng hjelp
«Det er inga hemmelegheit at NFKS har ei heller kritisk haldning til folk som tek utdanning utanlands eller som jobbar som sexologar utan å vera godkjende eller medlemmar av foreininga. Burde de ikkje strekke ut ei hand og invitere til samarbeid og felles skolering for å møte slike situasjonar?»
«Dette er eit stort spørsmål med i alle fall eit todelt svar. I mangel på ein statleg autorisasjon finst det i dag ei nordisk godkjenningsordning (NACS) med spesifikke krav til utdanning, kompetanse og så vidare. Det er i hovudsak denne ordninga som gjeld for medlemmane våre ,» forklarer Follestad.
«Det finst kurs og utdanningsopplegg der ute som ikkje har dei same krava, og vi er av den oppfatninga at dette ikkje er bra nok. Det høyrer også med til saka at det finst utdanningar vi ikkje får innsyn i, og da veit vi ikkje kva slags kompetanse den enkelte har.
Så er det óg slik at NFKS er til for våre medlemmar. Folk skal kjenne at dei får noko att for medlemskontingenten, og ansvaret vårt ligg i første hand på å sikre kompetansen, tryggleiken og profesjonaliteten til dei som er medlemmar hos oss,» forklarer Follestad.
Han er likevel klar på at ingen skal være nødd til å bli utsette for seksuell sjikane, om ein er sexolog eller ikkje. Han framhever at om ikkje anna så viser det at det både er naudsynt med ei statleg autorisasjonsordning og at det er mange der ute som verkeleg treng å få hjelp og råd frå ein sexolog.
- Har du tips, tilbakemeldinger eller kommentarer til saken, ta gjerne kontakt med oss via denne lenken.
Her har noen misforstått problemstillingen, og prøver å bruke dette for å henge ut andre utdannelser. Det er dumt. Det er ikke snakk om å ikke takle klienter. Det er snakk om alle som tar kontakt som IKKE er klienter. Det er heller ikke snakk om å ikke takle pågang når man er mye i media. Det er snakk om manglende respekt for kvinner generelt, noe som kommer godt frem hos oss kvinnelige sexologer. Jrg syns det er høyst provoserende og uprofesjonelt av en leder å bruke dette til å legge tvil på folks kompetanse istedenfor å se hva problemet egentlig handler om. Svært skuffende, og disse holdningene viser at man absolutt har bruk for sexologer med andre utdannelser og holdninger enn akkurat den som blir godkjent av NFKS.
Jeg jobber i en butikk som selger kniver, det betyr ikke at jeg har samtykke til eller bør forholde meg til at jeg kan bli stukket ned.
Virker som Follestad blander litt om på snørr og barter her…