5
(1)

Damer, ikkje gløym Baubo

av | 21 jan 2022 | Blogg, Lyst og leven

Ellinor Larsdotter Svisdal

Ellinor Larsdotter Svisdal

Utfordringar i sexlivet eller med seksualiteten generelt, er sjølsagt ikkje berre eit byfenomen. Ellinor Larsdotter Svisdal har arbeidd ein kvinnealder som helsesjukepleiar og sidan 2005 også som NACS – autorisert sexolog i ein middels stor kommune midt i Noreg. No deler ho tankane sine om seksualiteten sine kår, det vera seg urbant eller meir landleg.

Ta kontakt med Ellinor her.

Har de høyrt om Baubo – magegudinna?

I boka «Kvinner som løper med ulver» fann eg ei flott historie om denne gudinna frå oldtida i Hellas.

Ho var ei av dei vedunderlegaste og skjelmske av alle dei høgheitene som budde på Olympen.

Ho er opprinneleg ei gudinne frå steinalderen og er ofte utan hovud og ho talar mellom føtene.

Slike mellom-føtene-historier finst overalt i samtalar mellom kvinner der kvinner seier ting dei aldri vil seie med ein mann til stades.

Denne obskøniteten si gudinne er til stades når vi kvinner møtest og fortel kvarandre herlege, saftige historier, talar rett frå levra, ler og kjenner oss oppliva når vi går heim. Ein god magelatter og kvinneprat er ein av dei beste medisinane vi kvinner kan få.

Kvinner veit godt kva eg pratar om. Vi kjenner alle desse underfundige historiene «på kanten», som er ulike dei menn fortel, og som gjev oss ein god latter.

Teksten fortsetter under annonsen.

Eit søtt eksempel på ein slik situasjon såg eg i «Frøken Frimans krig» da ho hadde funne attende til den aldrande forloveden sin. Den eine kvinna seier «…det er vel ikkje så farleg om det er litt snø på taket berre det er fyr i peisen» Alle kvinnene lo godt og visste vel kva ho meinte.

Den lille magegudinna Baubo gjev oss den tankevekkjande ideen at litt «obskønitet» kan vera med å mildne mismot, framkalle latter og rette opp noko som har gått gale, Ja, jamvel kanskje hjelpe til å bryte ein depresjon.

Eg hugsar godt diskusjonane som gjekk høglytte for nokre år sidan da «50 shades of Grey» gjekk som ei farsott over landet. Det var alt frå slakt til begeistring. Eg er sikker på at i desse engasjerte diskusjonane med latter og høg temperatur, var Baubo til stades i rikt mon.

Kva risikerer du så med å lesa desse erotiske bøkene ?

Du risikerer å lære mykje om seksualiteten sitt mangfald, spesielt S/M varianten. Denne «bakvendte» erotikken , som ofte blir forveksla med ondskap, overgrep og vald. Noko anna du risikerer med å lesa god erotisk litteratur, er å så mange gode erotiske opplevingar og ja, det kan rett og slett krydre og gjera parforholdet rikare.

 Damer, vi må ikkje gløyme Baubo, men ha henne med oss i kvardagen, gje oss sjølve lov til å fantasere, skratte høgt eller fnise saman med venninner av ei frekk historie eller vits.

Ta på deg lekkert undertøy og kjenn at du blir erotisert  og tent på deg sjølv, som er viktig for å få lyst til å ha lyst .  Denne delen av seksualiteten sit mellom øyra.

Kanskje fører dette til at vi får lyst til å bidra til at det blir meir sex og sensualitet i privatsfæren.

Ja, da eg høyrer motstanden. Når skal vi få tid til dette midt i all denne travle kvardagen?

Oki, kall det helsefremjande arbeid da…

Hva synes du?

Klikk for å gi karakter.

5 / 5. 1

Din tilbakemelding er viktig for oss, gi karakter.

Share This