300.000 nordmenn slit med erektil dysfunksjon

av | 6 apr 2021 | Lyst og leven

Ellinor Larsdotter Svisdal

Ellinor Larsdotter Svisdal

Utfordringar i sexlivet eller med seksualiteten generelt, er sjølsagt ikkje berre eit byfenomen. Ellinor Larsdotter Svisdal har arbeidd ein kvinnealder som helsesjukepleiar og sidan 2005 også som NACS – autorisert sexolog i ein middels stor kommune midt i Noreg. No deler ho tankane sine om seksualiteten sine kår, det vera seg urbant eller meir landleg.

Ta kontakt med Ellinor her.

Under eit foredrag der temaet var menn og seksualitet, ville sexologen gjera ei lita spørjeundersøking bland dei som var der, om kor ofte dei hadde samleiesex.

Han bad dei som hadde sex ein gong pr dag om å rekke opp ei hand. Over halvparten rekte opp handa. Deretter spurte han om kor mange som hadde sex ein gong i veka og mange av dei resterande rekte opp ei hand.

Til slutt spurde han om det var nokon som hadde samleiesex ein gong i året, og da var det ein lengst bak i forsamlinga som spratt opp. Sexologen spurte kvifor han såg så glad og fornøgd ut. «Det er i dag!» ropa han ut og gliste breitt.

Teksten fortsetter under annonsen.

I denne forsamlinga kunne godt vore ein eller annan kar som ikkje hadde nokon grunn til å rekkje opp handa i det heile teke.

Erektil dysfunksjon eller ED, som det også blir kalla, er eit anna ord for å vera plaga i over seks månader med å ikke «få’n  opp» nok til å få gjennomført gledesstundene av seksuell nyting.

Årsakene til dette problemet, som truleg over 300.000 norske menn er plaga med, kan ha rota si i psykiske problem, som stress, depresjon, bekymringar eller konfliktar i parforholdet.

Av fysiske tilstandar er sjukdommar som mellom anna diabetes, MS, høgt blodtrykk og hjerte- og karsjukdommar faktorar som trugar potensen. Det same kan vera tilfelle etter tidlegare prostataoperasjonar eller kreftbehandling.

Ereksjonsproblemet kan også vera det første teiknet på alvorleg sjukdom som diabetes, hjerte- og karsjukdom slik at dette er noko du skal ta på høgste alvor.

Ein tommelfingerregel er at viss du har ein normal ereksjon om natta eller om morgonen, tyder det på at det ikkje er noko galt med blodforsyning og nerveimpulsane til penis og at problemet sa truleg ligg mellom øyra.

Ereksjonen blir også påverka av korleis vi lever når det gjeld mat og mosjon og trening. Det er ei kjent sak at høgt alkohol – sigarett og snusbruk verkar  negativt på  evna til å «få´n opp»

Unge mann, viss du skulle bli freista til å bruke anabole stereoidar for å auke muskelmassen i ein fart, til deg vil eg seia at dette er å spela hasard med den seksuelle lysta og evnen til å «utføre»

Finst det da noko hjelp i desse problematiske tider? Som vi har sett så er årsakene til problema forskjellig og hjelpa må derfor tilpassast den einskilde.

For nokon vil tablettar som Viagra, Cialis og Levitra vera til god hjelp, men du må ha seksuell lyst om dei skal verke. Det finst tilstandar der du ikkje skal bruke desse medisinane, men det kan lege, farmasøyt eller spesialist i sexologisk rådgjeving informere deg om og eventuelt kven av desse medikamenta som passar deg og behovet ditt.

Penisringen er ein undervurdert, men for mange ein god, rimeleg og enkel hjelpar utan nokon form for uønska biverkningar.

Sexologisk rådgjeving vil mange ha god nytte av og eventuelt i kombinasjon med handsaming hos lege. Det er veldig viktig å finne ut av kva som er orsaka til problema slik at dei kan løysast.

Både legen og spesialisten i sexologisk rådgjeving vil kunne gje deg råd og hjelp med vegen vidare. Begge har teieplikt og samarbeider gjerne når dei har samtykket ditt.

Dette problemet kan det gjerast noko med på eine eller andre viset, men det er du som må seie i frå.

Viss du vil lesa meir om dette temaet, anbefaler eg gjerne boka til Haakon Aars: Menns seksualitet.

Se episoden med Ellinor og Haakon i nettserien Sexterapi om menns seksualitet: